Kyrkjeneset Camping
N-3854 NISSEDAL  
 Telemark

 

   

Prisar

Kyrkjebygda Nærområde Aktivitetar Bilder Kontakt oss  
   


TREUNGEN
, som er kommunesenteret i Nissedal. Her er kommunehus, doktor, omsorgsenter, ungdomsskule, barnhage og om somaren er det også turistinformasjon.

Tidlegare lokstall er innadørs leikeland.

Langs Nisser finn ein sjeldsynte hellemålingar, gravhaugar og mange andre minner etter gamal busetnad.

I skogane og heiområda i Nissedal finn ein heile 1750 større og mindre vatn. Lange sandstrender gjer det til eit eldorado for dei badeglade. Her er gode vilkår for kanopadling, båtsport og fiske i vatna og elvane.

Klimaet er bra , og terrenget innbyr til turgåing sommar som vinter. Nissedal er eit av dei beste områda for fjellklatring i Noreg. I kort avstand frå veg finn ein mange fine klatreruter både for røynde og urøynde klatrarar.    

FJONE er bygda  på vestsida av Nisser De ser frå  campingplassen. Fjone kabelferje med plass til tre bilar kryssar Nisser nord for Kyrkjebygda. Den kryssar Nisser 2,5 km nord for camping plassen. Turen rundt Nisser med bil. Avgang kvar time. På ferjestaden på vestsida  severingstad og ”Åsilds Strikkestoge”

NORDBYGDA ( 3 KM) nordover frå Kyrkjebygda på veg mot Vrådal. Sving av vegen ved skiltet ”Nordbø” køyr på toppen eller rundt og De vil sjå utover bygda frå ein ny vinkel.

VRÅDAL, ( 20 km) ligg i Kviteseid kommune i nordenden av Nisser,  med Straand hotell, Straand Leikeland, Vrådal Turisthotell, Nisseloft, Astrid Søftestad si sølvsmie og Vrådal skiheis som er Nord Europas størst. Sommars tid brukast  dentil gondolheis

Heilårleg turistinformasjonen gjev deg informasjon om aktivitet og tilbod.

.Løyper for stavgang, den fyrste i Norge som er tilrette lagt, finn de her.

 

«Fram» slepebåt som i dag er ombygd til turistbåt har utgangspunkt i Vrådal (Eiga brosjyre)

 
 Turstiar
 Jettegrytene
 Naturguide
 Telemark
 Vest-Telemark
   Bø Sommarland  
   Telemarksvegen  
   Sandnes
 hyttegrend